|
Brear og klima
Utbreiinga av brear gjenspeglar klimaet på ein stad. Endringar i breutbreiinga fortel noko om endringar i klima. Sidan brear i all
hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen.
Mykje snø og/eller låg temperatur fører til at breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar
gjer at breane smeltar. I dag blir både endringar i brefronten og massebalansen målt på mange brear, både i
Noreg og resten av verda. Fram- eller tilbakerykk av brefronten er ein reaksjon på positiv/negativ massebalanse, men grunna ulik
reaksjonstid, kan det være fleire års forskyving mellom målt positiv massebalanse og eit framrykk i brefront.
Det er mange metodar for å berekne breutbreiiing lenger tilbake i tid enn det finst målingar. Datering av moreneryggar og
analysar av bresediment i innsjøar og fjordar kan gi verdfull informasjon om tidlegare utbreiingar av brear, og på den
måten om klima bakover i tid.
For å finne ut korleis atmosfæra har vore samansatt attende i tid og korleis mengda av til dømes drivhusgassar som
karbondioksid og metan har endra seg bakover i tid, kan ein bore iskjernar og ta ut prøvar frå luftboblar i isen. Fleire år
med pålagring av snø gjer at ein bre vert danna. Gjennom smelte- og fryseprosessar og komprimering vert snøen omdanna
til is. Luftboblar frå den tida snøen/isen sist var i kontakt med atmosfære vert fanga innimellom iskrystallane. Iskjernar kan
studerast ved å sjå på samansetnaden av okysgenisotopen i vassmolekyla som isen er laga av. Temperaturen då
nedbøren fann stad kan gjenspeglast av den isotopiske samansetnaden av nedbøren. Ein kan dermed seie noko om temperaturendring
over tid. Ved å telje årslaga i snøen/isen på dei store innlandsisane, kan ein også bestemme alder på
dei analyserte prøvane. Mørke lag er sommartilskotet, medan lyse lag er vintertilskotet. Åslaga kan også seie noko
om endringar i nedbør.
Å ta ut iskjernar er best egna i område kor det er kontinuerlig pålagring av snø og lite snøsmelting.
Borelokalitetane bør også ligge i områder med minst mogleg isrørsle, slik som i kalde områder ved sentra
på ein bre/iskappe. For å rekonstruere temperatur, nedbør og luftsamansetnad i atmosfæren bakover i tid er det
særskilt dei store innlandsisane på Grønland og i Antarktis som er viktige. Det tekne opp iskjernar som er over 3000 meter
lange frå begge innlandsisane, men på Antarktis får ein dei lengste tidsseriane på grunn av at det er mindre nedbør.
På Grønland har ein idag klart å komme over 120000 år attende i tid med desse iskjernane, medan ein har klart
å komme heile 800000 år attende på Antarktis.
Breane får stor merksemd når det gjeld klimaendringar sidan dei er vårt viktigaste vassreservoar. Om lag 70 % av alt
ferskvatn på jorda er lagra i form av is, og isbreane utgjer såleis ei stabil vassforsyning til mange folk. I tillegg fungerar breane
rundt om i verda som eit av våre beste klimaarkiv og er dermed viktige i klimaforståinga. I følge Noregs vassdrags- og
energidirektorat (2004) ligg dei norske breane i områder med stort potensiale for vasskraft og om lag 15 % av allereie utnytta vassføring
kjem frå vassdrag med brear.
|