News

More Tunsbergdalsbreen news...

Prosjektpartnarar




Visitors since 11/2011:
Besucherzähler Werbefrei

Historisk bakgrunn

Mellom 1954 og 1964 gjennomførte Universitetet i Cambridge eit omfattande forskingsprogram på Tunsbergdalsbreen, med i alt 13 ekspedisjonar til Jostedalsbreen og 184 deltakarar. Ein av deltakarane var den 20 år gamle John Price, i dag pensjonert sivilingeniør. Han var med på ekspedisjonen i 1959 som hadde som mål å kartleggje rørsla til breen. Parallelt har Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) målt frontposisjonen til Tunsbergdalsbreen fram til 1972. Ein har såleis data som viser korleis breen var på den tida.

John Price er oppteken av ungdommar og klima. Brear er særs gode indikatorar på klimaendringar fordi dei reagerer relativt raskt på slike endringar. Price har difor teke kontakt med Norsk Bremuseum og føreslege at dei målingane Universitet i Cambridge og NVE gjorde for 50 år sidan blir tekne oppatt. Ideen med prosjekt Tunsbergdalsbreen er å kartleggje breen i dag, samanlikne desse data med dei britiske og norske måledataene, samt gjere årlege målingar i mange år framover for å finne ut korleis breen endrar seg som følgje av klimaendringane verda opplever i dag.


Foto: John Price 1959 (nedre rekkja, andre frå venstre)
Prosjekt Tunsbergdalsbreen 2011