|
Prosjekt Tunsbergdalsbreen
Prosjekt Tunsbergdalsbreen er eit internasjonalt prosjekt som vil gjere ungdommar og unge vaksne kjent
med temaet brear og klimaendringar, og samtidig gje dei høve til spennande opplevingar i eit storslått
brelandskap. Prosjektet vil også skape interesse for realfag.
Endringar i ein slik stor ismasse som Tunsbergdalsbreen kan gje oss verdiful informasjon om klimaendringar.
På dei årlege ekspedisjonane til Tunsbergdalsbreen gjennomfører deltakarane eit måleprogram utarbeidd av
NVE og Norsk Bremuseum der ein målar høgda til breoverflata, farten til isen og posisjonen til brefronten.
Ved å følgje med breen si utvikling kan vi sei noko om korleis klimaet endrar seg her i Noreg.
Prosjekt Tunsbergdalsbreen er eit prosjekt av Norsk Bremuseum i Fjærland og dei to britiske
velferdsorganisasjonane Field Studies Council og Brathay Exploration Group.
Sponsorar
Desse har støtta prosjektet så langt:
Visitors since 11/2011:
Besucherzähler Werbefrei
|
|
|
|
Prosjekt Tunsbergdalsbreen 2011
|
|