Måleprogram
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjer årlege målingar på ei rekke brear i Noreg.
Tunsbergdalsbreen var med i NVE sitt breovervakingsprogram fram til 1972. Grunnen til at målingane blei
stoppa er den vanskelege tilgangen til området. Gjennom Prosjekt Tunsbergdalsbreen blei breen med igjen i
måleprogrammet i 2008.
Frontposisjonen, farten til isen og høgda til breoverflata er tre faktorar som endrar seg frå år til
år. Endringane vil til ei viss grad vere i stand til å gjenspegle klimaendringar. Det er desse tre faktorane
som skal bli kartlagt med jamne mellomrom, men på grunn av veret eller andre grunnar må ein rekne
med at ikkje alle tre måleprogramma kan gjennomførast fullstendig kvart år. Resultata frå
ekspedisjonane blir presentert i utstillinga på Norsk Bremuseum og på prosjektet sin vevstad.
Sidan arbeidet på Tunsbergdalsbreen skjer innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark sine grensar er all aktivitet
avtalt med Statens naturoppsyn (SNO) og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen har i fyrste omgang gjeve
løyve til arbeidet fram til 2012.
Frontposisjon
Posisjonen til brefronten blir kartlagt ved hjelp av faste markeringar i terrenget framom breen. Arbeidet blir
utført med kompass, laserstyrt avstandsmålar og GPS.
Farten til isen
Farten til isen blir målt ved hjelp av rekkjer med merka stein på fleire profilar på tvers over breen.
For å sikte inn profilane og finne dei igjen året etterpå er det faste markeringar på fast
fjell på begge sider av breen. Kvart år vil det bli lagt ut nye steinrekkjer, og ved å måle avstanden
til steinrekkjene frå fjoråret, som har følgd isen nedover dalen, kan farten til isen bli kartlagt. Til desse
målingane treng ein GPS-utstyr, steinar, laserstyrt avstandsmålar og maling.
Høgda til breoverflata
Høgdemålingane blir utført årleg på den nedre delen av breen, og meir
uregelmessig i minst to etterfølgande år mellom likevektslinja (snøgrensa
om hausten) på 1200 moh og ned til om lag 900 moh. Av utstyr trengst det ein landmålings-GPS som
målar posisjonen svært nøyaktig. GPS-målingane vil bli utført på mange ulike
punkt på breoverflata som gjer det mogleg å kartleggje overflata. Ved å samanlikne resultata
frå år til år kan ein sjå kor mykje høgda til breoverflata endrar seg.
Ved hjelp av data frå dei tidlegare ekspedisjonane vil ein også kunne rekne ut kor mykje breen sin tjukkleik
har endra seg sidan 1950-talet.
Fotografisk dokumentasjon
Frå 1950-talet finst det fotografiar av Tunsbergdalsbreen teke frå utsiktpunkt søraust for breen. Desse
skal takast igjen kvart år frå same plassen for å dokumentere endringar i breen si utsjånad også
fotografisk.
|